Ordførar og varaordførar gratulerer heile lokalsamfunnet med ein eineståande prestasjon.
Det var stor jubel då det i helga vart klart at «Fjord» gjekk heilt til topps under ein av verdas viktigaste filmfestivalar. Filmen har hausta strålande kritikkar, og set no for alvor Ørsta og dei unike omgivnadene våre på det internasjonale filmkartet.
Ein laginnsats frå heile kommunen
Store delar av filmen er spelt inn på Sæbø, Store-Standal, Urke og Øye. Mange innbyggjarar i Ørsta, og spesielt i Hjørundfjorden, har vore involverte som skodespelarar og statistar. Den norsk-rumenske filmen er regissert av Cristian Mungiu, med Sebastian Stan og Renate Reinsve i hovudrollene.
– Dette er fyrst og fremst utruleg fortent, og ein enormt stor dag for Ørsta kommune, seier ein stolt ordførar. Ein stor takk og gratulasjon går til alle dei lokale kreftene som har stilt opp og gjort denne suksessen mogleg.
Stort filmentusiasme på rådhuset
Både ordførar Per Are Sørheim og varaordførar Tove Halse Digernes er sjølv overgitte filminteresserte, og dei har følgd prosjektet tett heilt frå dei fyrste opptaka starta i nærområdet i fjor vår.
Varaordførar supplerer med at dette viser kva som bur i lokalsamfunnet:
– At ein film herifrå kan vinne sjølvaste Gullpalmen er nesten vanskeleg å ta innover seg. Lokalsamfunnet har lagt til rette på ein fantastisk måte, og hatt godt samarbeid med filmcrewet. Dette vil bli hugsa i lang tid!
Ørsta kommune gratulerer regissør, skodespelarar, produsentar og alle involverte innbyggjarar med den gjeve prisen!
Filmen har norgespremiere 4. september.
Les NRK sin anmeldelse av FJORD