Gjennomgang av eigenbetaling for tryggleiksalarm

Gjennomgang av eigenbetaling for tryggleiksalarm

Person som trykke på ein tryggleiksalarm. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Adobe stock

Ørsta kommune har fått brev frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om regelane for eigenbetaling for tryggleiksalarm. 

På bakgrunn av dette vil kommunen no gå gjennom alle vedtak der innbyggjarar har betalt eigenandel for tryggleiksalarm. 

Målet er å sikre at vedtaka er i tråd med gjeldande regelverk.

Kommunen kan berre krevje eigenbetaling når det finst heimel i lov eller forskrift. Ved vurderinga må kommunen sjå nærare på kva slags hjelp tryggleiksalarmen er knytt til, og om det i den enkelte saka er rettsleg grunnlag for å krevje betaling.

Vi vil derfor gjere individuelle vurderingar av gjeldande vedtak for å sikre at praksisen er i samsvar med regelverket. Dersom gjennomgangen fører til endring i vedtaket ditt, vil du få skriftleg melding frå kommunen.

Treng eg å gjere noko?

Nei. Du treng ikkje sende inn ny søknad eller klage for at saka di skal bli vurdert på nytt. Kommunen går gjennom aktuelle vedtak på eige initiativ.

Dersom gjennomgangen gjeld deg, vil du få informasjon direkte frå kommunen.

Kva skjer vidare?

Arbeidet med gjennomgangen startar så snart som mogleg. Det er om lag 200 brukarar som i dag betaler eigenandel for tryggleiksalarm i kommunen. På grunn av ferieavvikling og redusert bemanning dei komande vekene, vil det ta noko tid å gå gjennom alle vedtaka.

Vi ber om forståing for dette, og vil ta kontakt med dei det gjeld så snart saka deira er vurdert.

Har du spørsmål som ikkje kan vente, kan du kontakte kommunen.