Fylkeskommunen tek over TT-kort-tenesta

Fylkeskommunen tek over TT-kort-tenesta

Hand som held fram eit ttkort.  - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde

Frå 1. juli 2026 tek Møre og Romsdal fylkeskommune over ansvaret for godkjenning av brukarar og behandling av klager på TT-kort. Samstundes kjem det nye reglar for ordninga.

Det betyr at det er ikkje lenger kommunen som behandlar desse søknadane. 

Alle TT-kort-brukarar har fått tilsendt informasjon om dette. 

Kva blir nytt?

Søknadar skal sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune

  • Brukarsonene M1 (kr 2 000 per år) og M2 (kr 3 500 per år) blir slått saman, og at årleg tildeling for denne brukargruppa blir auka til 4 500 kroner for 2026
  • Har du allereie fått pengar første halvår, blir dette trekt frå resten av tildelinga

Nye kort

Frå 1. juli får alle nye TT-kort.

  • Det gamle kortet sluttar å fungere 30. juni
  • Pengane du har på kortet, blir overførte i løpet av juli
  • Kortet får nytt design utan magnetstripe og med blindeskrift
  • Du bruker no kortnummer i staden for brukarnummer
  • Namnet ditt står ikkje på kortet, men kjem fram når du brukar det i drosje

Meir informasjon finn du på fylkeskommunen si heimeside

Spørsmål? 

Alle spørsmål om TT-kortet, til dømes om saldo, utførte turar eller tap av kort, kan rettast på tlf. 22 53 50 09. Oppgi kortnummer når du tar kontakt.

For saldo på kortet send SMS med ditt kortnummer til 59 44 37 64.