Fire nye statsborgarar frå Ørsta kommune

Fire nye statsborgarar frå Ørsta kommune

Ordførar Per Are Sørheim representerte Ørsta kommune under statsborgarseremonien. Her står han på scenen saman med dei nye statsborgarane og IMDi-rådgivar Lars-Due Tønnesen (nr 2 frå høgre) og administrasjonssjef hos statsforvaltaren, Hilde Aure (nr 1 frå høgre). Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Ørsta kommune fekk fire nye statsborgarar busett i Ørsta kommune som deltok på statsborgarseremonien i Ålesund.

Statsborgarseremonien vart arrangert i Ålesund 5. september for nye statsborgarar frå kommunar på Sunnmøre, i Rauma og i Vestnes. 1180 personar fekk statsborgarskap i Møre og Romsdal i 2025, og dei kom frå 86 ulike land. På seremonien deltok 140 av desse.

Ordførar Per Are Sørheim var tilstades på markeringa og gratulerte dei nye borgarane våre. 

Statsborgarseremoniar er høgtidelege og feststemte markeringar, men årets seremoni finn stad i ei tid prega av sorg etter H.M. Kong Harald V sin bortgang. Seremonien gav derfor også rom for å minnast Kongen gjennom eitt minutts stillheit og framføring av «Kongesangen».