Med deltakarar frå Ørsta, Sula, Stranda, Giske og Volda var målet med samlinga å styrke samarbeidet mellom offentleg sektor og næringslivet, og å dele kunnskap og erfaringar knytt til lokal utvikling. Den overordnede målsettingen med "Læring for næring" er å gi kommunane eit betre grunnlag for å gjere strategiske val og å komme frå plan til gjennomføring.
Dagen starta med velkomst ved Per Are Sørheim, som introduserte Ørsta kommune og pågåande arbeid med sentrumsutvikling. Eldar Rune Øye følgde opp med innsikt i prosjekt som Europan, sentrumsplanen og ØKKS, og gav eit overblikk over både gjennomførte og planlagde tiltak.
Arkitekt Ingvild Gjerdset frå fylkeskommunen presenterte ulike sentrumsutviklingsprosjekt i Møre og Romsdal, og belyste fylkeskommunen si rolle i desse prosessane. Etterpå fekk deltakarane delta på synfaring i Ørsta sentrum.
Industrien fekk også plass på agendaen, med Jan Endre Vartdal frå Vartdal Plast som delte erfaringar frå verksemda og utfordringar knytt til energibruk. Eivind Vartdal Ryste frå fylkeskommunen presenterte demografiske data og utviklingstrekk, medan Jon-Kristian Rydningen frå NHO tok for seg framtidig arbeidskraftbehov og statistikk som viser ei aukande knappheit kring arbeidskraft i tida som kjem.
Dagen vart avslutta med innlegg frå Gustav Weiberg-Aurdal og Anne Thorsrud frå KS, som la fram forslag til gruppearbeid som kan engasjere både administrasjon og politikarar i vidare utviklingsarbeid.
Samlinga i Ørsta viste kor viktig det er med tverrfagleg samarbeid og felles forståing for å møte framtidas utfordringar – og moglegheiter – i regionen.
Les meir om «Læring for næring»
Frå synfaringa.
Ingvild Susann Kjøde / Ørsta kommune
Frå synfaringa.
Ingvild Susann Kjøde / Ørsta kommune
Frå synfaringa.
Ingvild Susann Kjøde / Ørsta kommune