Etterlatne og avskilta bilar må fjernast

Etterlatne og avskilta bilar må fjernast

Bilde av to biltak med løv på, det ser ut som dei har stått der lenge. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto Unsplash

Kommunen oppmodar eigarane av avskilta og etterlatne bilar om å fjerne dei frå kommunale parkeringsplassar i sentrum innan 28. august 2026. Elles kan bilane bli melde inn for borttauing.

Det står ein del bilar på kommunale parkeringsareal i sentrum, som ser ut til å vere etterlatne. Bilane er avskilta og har stått på offentlege parkeringsareal i lenger tid. Dette tek opp parkeringsplassar som er tiltenkte innbyggjarar og besøkande, og dei er eit hinder for brøyting i vintersesongen.

Det er ikkje tillate å bruke desse plassane til permanent parkering.

Borttauing 

Det er vanskeleg å finne eigarane på dei bilane som er avskilta. Dersom vi ikkje finn eigarane og eigarane sjølve ikkje fjernar bilane sine, vil kommunen melde inn ønskje om borttauing til politiet.

Kostnadane ved slik borttauing vil verte belasta bileigar, eller så blir vrakpanten eventuelt nytta til å dekke utgiftene.