Etter grunnskulen må du sjølv sørge for vaksinepåfyll

Etter grunnskulen må du sjølv sørge for vaksinepåfyll

Dame som nettopp har tatt vaksine. Ho har eit plaster på armen og holder ein tommel opp. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. AdobeStock

Dei fleste har fulgt barnevaksinasjonsprogrammet med vaksinene dette inneberer. Den siste vaksina i dette programmet er i 10. klasse. Etter dette er ikkje vaksinering gratis lenger, og du er sjølv ansvarleg for å fylle på dei vaksinene du treng påfyll av.

Dette gjeld i hovudsak vaksine mot stivkrampe, difteri, kikhoste og polio - påfyll kvart 10 år i følge FHI/helsenorge.

Vaksinehistorikk

Om du loggar deg inn på helsenorge finn  du oversikta over kva vaksiner du har og når du tok dei.

Om du er usikker eller treng meir informasjon, anbefalar vi å lese informasjonen på helsenorge om vaksne trenger oppfriskningsvaksine kvert tiande år.

Feriere, studere eller bu i eit anna land

I tillegg kan du trenge fleire vaksiner dersom du skal ut å reise på ferie, studere eller bu i eit anna land. Dette tilbyr vi også på helsestasjonen for kommunen sine innbyggarar. 

Helsestasjonen

For å bestille time til vaksinering/reisevaksinering, ta kontakt med oss på helsestasjonen på tlf.nr.  94 16 78 48

Det er viktig å ta kontakt i god tid, gjerne 8-10 veker før du skal reie. Dette er i tilfelle vi må bestille inn nokon av vaksinene du skal ha, eller du treng fleire doser før du skal reise.

Sjå prisar for reisevaksine