Ingeborg og Vilde visar kva du treng for å klare deg i ei veke.
Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune
Dei står klare til å svare på spørsmål og dele nyttig informasjon om eigenberedskap – korleis du og din husstand kan vere betre førebudde dersom straum, vatn eller mobilnett skulle bli borte.
Eigenberedskap handlar om å kunne klare seg sjølv i minst sju døgn ved bortfall av kritisk infrastruktur. Du har truleg allereie mykje av det du treng – ofte er det berre små grep som skal til for å bli litt betre førebudd.
Kvifor er dette viktig? Pandemien, krigen i Europa, ekstremvêr og cybertruslar har gjort eigenberedskap meir aktuelt enn nokon gong. Vi er vande med at det meste fungerer, men nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.
Ta turen innom standen på Alti og få inspirasjon til å styrke beredskapen heime – for deg sjølv, familien og lokalsamfunnet.
Meir informasjon om eigenberedskap finn du her og på dsb sine nettsider.