Eigedomsgebyr blir fakturert kvar månad

Eigedomsgebyr blir fakturert kvar månad

Bilde av eit skrivebord med ein kalkulator og ein pc. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Adobe Stock

No blir faktura for kommunale eigedomsgebyr (vatn og avløp, feiing og tilsyn og eigedomsskatt) fakturert kvar månad - i staden for kvartalsvis som har vore standard. Dette vedtok ommunestyret vedtok 11. desember.

Ein overgang til månadleg fakturering vil gi innbyggarane ein meir føreseieleg økonomi, og betre økonomisk oversikt.  

Ordninga vert sett i gang frå og med januar 2026. Kommunen praktiserer forskuddsvis betaling. Det betyr at alle som betalar kommunale eigedomsgebyr får den første månadsfakturaen i januar. Dei som mottek faktura via Avtalegiro treng ikkje å foreta seg noko; trekket vil gå automatisk såframt månadleg beløpsgrense ikkje er satt for lågt.  

Innbyggarar som bur i burettslag eller sameige betalar kommunale eigedomsgebyr gjennom husleiga som før.   

Merk! Eigedomsskatt blir ikkje fakturert i januar. Beløpet kjem på fakturaen for februar.

Korleis påverkar dette meg?

  • Dersom årsbeløpet ditt er under 4 000 kr, får du ein faktura i året. 
  • Om du allereie mottek årleg faktura vil det bli vidareført. Ta kontakt med kommunen om du ønsker å gå over til månadleg fakturering.  
  • Dersom du får faktura kvart halvår og årsbeløpet er over 4 000 kr, vil du no få faktura kvar månad, med du kan ta kontakt med kommunen om du ønsker å gå over til årleg fakturering. 

Oversikt:

Endring av årsgebyr kommunale avgifter
Årsbeløp Frå før Ny fakturering frå januar 2026Alternativ (Ta kontakt)
Under 4000,-Halvårleg Årleg 
Under 4000,-Årleg Årleg 
Over 4000,-Månadleg Månadleg 
Over 4000,-Kvartalsvis Månadleg 
Over 4000,-Halvårleg Månadleg Årleg 
Over 4000,-Årleg Årleg Månadleg 

Spørsmål

Har du spørsmål om fakturaen, kan du ta kontakt på e-post: fakturamottak@orsta.kommune.no eller ringe oss.

Sentralbord: 70 04 97 00 (09.00–15.00)