Ein overgang til månadleg fakturering vil gi innbyggarane ein meir føreseieleg økonomi, og betre økonomisk oversikt.
Ordninga vert sett i gang frå og med januar 2026. Kommunen praktiserer forskuddsvis betaling. Det betyr at alle som betalar kommunale eigedomsgebyr får den første månadsfakturaen i januar. Dei som mottek faktura via Avtalegiro treng ikkje å foreta seg noko; trekket vil gå automatisk såframt månadleg beløpsgrense ikkje er satt for lågt.
Innbyggarar som bur i burettslag eller sameige betalar kommunale eigedomsgebyr gjennom husleiga som før.
Merk! Eigedomsskatt blir ikkje fakturert i januar. Beløpet kjem på fakturaen for februar.
Korleis påverkar dette meg?
- Dersom årsbeløpet ditt er under 4 000 kr, får du ein faktura i året.
- Om du allereie mottek årleg faktura vil det bli vidareført. Ta kontakt med kommunen om du ønsker å gå over til månadleg fakturering.
- Dersom du får faktura kvart halvår og årsbeløpet er over 4 000 kr, vil du no få faktura kvar månad, med du kan ta kontakt med kommunen om du ønsker å gå over til årleg fakturering.
Oversikt:
Spørsmål
Har du spørsmål om fakturaen, kan du ta kontakt på e-post: fakturamottak@orsta.kommune.no eller ringe oss.
Sentralbord: 70 04 97 00 (09.00–15.00)