Blomstrande glede – takk til Urke Gartneri!

Blomstrande glede – takk til Urke Gartneri!

Bilde av ei stor krukke med blomster. - Klikk for stort bileteBlomstrane kosar seg i sommarsola. Ingvild Marie Taraldset

Etter at kommunen måtte kutte i blomsterpyntinga grunna stram økonomi, såg det lenge ut til at sommaren skulle bli litt gråare enn vanleg i våre bygder. Men no har det skjedd noko som set farge både i sentrum, på Vartdal og på Sæbø – og det heile takka vere ei raus og hjartevarm gåve frå Urke Gartneri.

Heile 110 blomster, fordelt på tre ulike sortar, har blitt donert til kommunen, og dei har no funne sin plass i blomsterkrukkene rundt om i bygdene. Resultatet er eit fargerikt og levande uttrykk som både fastbuande og tilreisande kan gle seg over.

Tusen takk, Urke Gartneri – blomstrane kosar seg i sommarsola, og det gjer vi òg!