Dei seks kommunale og tre private barnehagane i Ørsta samarbeider om opptak av barn i samband med søknad om barnehageplass, dette i tråd med lov og forskrift.
1. mars hadde vi fått inn 135 søkarar. Av søkarane var det 17 med barnehageplass som ønskte å bytte barnehage. 109 av søkarane hadde rett til barnehageplass - dette er åtte fleire enn i fjor.
Dei aller fleste fekk innfridd sitt førsteval om barnehage, men i år var det fleire av søkarane som fekk tilbod i annan barnehage enn den dei hadde på førstevalet sitt.
Vi har nokre barn som ønskjer barnehageplass frå januar og utover i 2027. Desse har ikkje fått tilbod i hovudopptaket då dei ikkje har rett til barnehageplass jf. Lov om barnehage. Desse vil bli ståande på ei venteliste og vil få tilbod om barnehageplass dersom det blir ledige plassar.