Sjølv om NVE har etablert dei fleste elveførebyggingane i kommunen ligg dei alle på privat eigedom. Det er då grunneigar som har ansvaret for å halde vedlike etablerte sikringstiltak. Kommunen har ansvar for å føre tilsyn.
Tidlegare tok ofte NVE også ansvar for vedlikehald, men dette er endra. NVE sitt ansvar er å nytte dei midlane dei får over statsbudsjettet i samsvar med sine føringar til det beste for samfunnet samla sett. Kva verdiar eit tiltak bidreg til å sikre sett opp mot kostnaden er difor avgjerande for kva tiltak som vert prioritert. Nedre grense for økonomisk bistand frå NVE er i dag tiltak med kostnader på 1 million kroner. Tiltak under denne grensa må finansierast og gjennomførast lokalt.
Ved større skader og behov for nye sikringstilak mot eksisterande busetnad kan kommunen søkje midlar gjennom NVE til reparasjoner, eller ved veldig omfattande tiltak NVE sjølv gjennomføre slike tiltak. Det er då krav til at kommunen må dekkje minst 10 % av kostnadane (tidlegare 20 %). Kommunestyret har her vedteke eit prinsipp om at dei som har nytte av sikringstiltaket må dekkje kommunen sine kostnader.
Ved utbygging av nye område er det utbyggar sjølv som må dekkje kostnaden med sikringstiltak.
Lenke til informasjon om NVE sine støtteordnigar til kartlegging og sikring mot naturfare: Endringar i NVEs støtteordninger - NVE