I år er det 15 år sidan det største terrorangrepet i Noreg i fredstid. Minnesmerket i Laguneparken er ein stad for alle innbyggjarane i kommunen – ein stad for å minnast, reflektere og lære.
Terroren i 2011 ramma både Regjeringskvartalet i Oslo og AUF sin sommarleir på Utøya. Til saman mista 77 menneske livet, og mange vart skadde. 69 av dei drepne var på Utøya, dei fleste unge menneske som var samla for politisk engasjement og fellesskap.
Program:
- musikalsk innslag, “Til ungdomen”, ei gruppe frå Ørsta hornmusikk
- appell frå ungdomsrådet ved leiar Mikael Sætre
- appell frå AUF Møre og Romsdal ved fylkesleiar Johannes Walderhaug og fylkessekretær Iver Aarebrot
- appell frå fungerande ordførar Tove Halse Digernes
- nedlegging av krans frå Støttegruppa etter 22. juli i Nordvest
- appell frå sokneprest Arne Molutbakk
Markeringa blir leia av Fredric Holen Bjørdal.
Det blir sett fram stolar.
Til slutt i markeringa vert det ringt 77 slag med kyrkjeklokkene for å minnast dei som mista livet denne dagen. Det vert også open kyrkje etter markeringa for dei som ynskjer ei stille stund, tenne lys, be eller berre vere til stades i ro og ettertanke.
Alle er hjarteleg velkomne til å delta.
Ørsta kommune, Ørsta Arbeidarparti og Ørsta kyrkje