22. juli-markering i Ørsta
Ørsta kommune vil ha ei markering tysdag 22. juli kl 11.30 i Laguneparken.
I 2025 er det 14 år sidan terrorangrepet i fredstid ramma Noreg. Minnesmerket er ein stad for alle innbyggarane i kommunen. Ein stad for minne, og for læring.
22. juli-minnesmerket i Laguneparken.Program for dagen:
- Ordførar Per Are Sørheim
- Appell ved AUF-leiar Johannes Walderhaug
- Helsing frå Støttegruppen 22. juli Nordvest
Alle er hjarteleg velkommen til å delta i markeringa!
Det blir framsett stolar til markeringa.
Ørsta kommune i samarbeid med Ørsta Arbeidarparti.
Sist endra 19.06.2025 11:19