Varsel-side

Varsel-side

På denne sida finn du oppdaterte varslar og meldingar om til dømes stengingar, pågåande arbeid, tekniske feil, ekstremvêr-varsel.

  • 07.08.25 Kloring av drikkevatn: Åmdalen Grunna sporadiske funn av uønskte bakteriar i drikkevatnet i område frå Høgebrua og fram til Bondalseidet har Ørsta kommune ei tid tilsett klor. 

    Klor vert dosert i pumpestasjon ved Høgebrua. Derifrå vert vatnet distribuert vidare til Åmås, Legene, Åmbakk, Brautaset, og heilt til Bondalseidet.

    Kvalitet på alt kommunalt drikkevatn vert kontinuerleg overvaka og kontrollert jamfør eigen plan for prøvetaking i samsvar med Drikkevassforskrifta. Etter at klordosering vart sett i gang har vi ikkje hatt avvik knytt til bakteriologisk kvalitet i forsyningsområdet.

    Kommunen har motteke meldingar frå abonnentar i Åmdalen om klorlukt og -smak på vatnet levert frå kommunal vassforsyning. Restklor er mengde klor i vatnet etter desinfeksjon. Restklormengda, smak og lukt av vatnet, vil variere noko avhengig av mellom anna nærleik til doseringspunktet. Jamlege målingar av restklorverdiar syner at innhaldet er i nedre sjikt og innanfor krav i retningsliner frå Mattilsynet, uavhengig av prøvestad.

    Kloring av drikkevatn i området vil halde fram til vi har funne årsak til forureining og sett i verk permanente tiltak.

    29.10.24 Drikkevatnet for kommunale abonnementar frå Høgebrua og til og med Bondalseidet blir svak-klora då det er oppdaga bakteriar som kommunen ikkje har funne kjelda til. Kommunen jobbar kontinuerleg for å løyse problemet. Abonnementar blir oppdatert via SMS-varsling.

  • 27.05.25 Skår ferjekai stengt
    I samband med arbeid på Skår ferjekai har Ørsta kommune motteke uromelding frå entreprenør om tilstanden på køyrebru/brufront. Det er avdekt at konstruksjonen på køyrebru/brufront er alvorleg svekt, noko som utgjer ein stor risiko for tryggleiken. Kommunen vedtek difor å stenge ferjekaia for all trafikk inntil ein har fått vurdert styrken på køyrebrua.

  • 18.11.24 Vinterstengt/sommarope veg: Vatnedalen/Aldalen
    Vegen Vatne–Hunnes (Aldalen) opna torsdag 27. mars kl. 10.00. 

  • 29.10.24 Bassenget i Ørsta er stengt på ubestemt tid
    Årsak er svikt i ventilasjonsanlegget og tilhøyrande kondensering.  Fukt har metta takplater som risikerer å falle ned. Bassenget er stengt på ubestemt tid.


Nyttige lenkjer