Om du er tilkopla kommunalt vass- og avløpsnett kan du som privat abonnent velje om du vil betale etter berekna forbruk eller etter målt forbruk. For næringseigedomar og ein del større offentlege bygningar skal det vere installert vassmålar.
Kommunen eig og held målaren vedlike , då med unntak for abonnentar med særleg høgt vassforbruk.
Abonnent er ansvarleg for å betale for installering av vassmålar, lese av vassmålar årleg og gi melding til kommunen om målarstanden. Installasjon må gjerast av godkjent røyrleggjar og etter tilvising frå kommunen.
Fann du ikkje svar på det du lurte på? Sjå Ofte stilte spørsmål om vatn og avløp.