Spreidde avløpsanlegg

Spreidde avløpsanlegg

Tømming av slam frå spreidde avløpsanlegg (private avløpsanlegg) vert regulert gjennom forskrift om renovasjon og slam, som har tvungen tømming av mindre avløpsanlegg.

Det er VØR – Volda og Ørsta reinhaldsverk som har ansvar for denne tenesta.

Tømmeintervall

Private avløpsanlegg vert tømt etter faste intervall, om det ikkje er sett eigne krav i utsleppsløyvet:

  • Slamavskillar for bustadhus: kvart 2 år. 
  • Slamavskillar fritidsbustad: kvart 4. år. 
  • Tette tankar og minireinseanlegg: Minst ein gong kvart år. 
Informasjon om slamtømming

Slamtømming vert varsla med sms/e-post på førehand og vert utført i perioden april - oktober. Eigar av avløpsanlegget har ansvar for å gjere anlegget klart før slamrenovatøren kjem.  Om avløpsanlegget ikkje er gjort klart for tømming når slamrenovatøren kjem vert det ikkje tømt for slam.  Du vert likevel belasta med gebyr for bomturen og det vert registrert eit avvik. 

Informasjon om spesielle forhold td  tømmeinstruks for minireinseanlegg skal vere lett tilgjengeleg på staden. 

Avvik ved slamtømming

Slamrenovatør har pliktig å melde inn synlege avvik som vert oppdaga ved slamtømming til kommunen. Døme på avvik er manglande dykker på utløpsrøyr, feil vassnivå, øydelagt lokk, avfall/framandlegeme i tanken mv.

Tømming av slam er naudsynt for å halde oppe reinseeffekten og er eit vilkår for utsleppsløyve. Som anleggseigar  er du ansvarleg for drift og vedlikehald av avløpsanlegget. Manglande tømming er dermed ei brot på vilkåra i utsleppsløyve. 

Dette skal ikkje i do!

Avfall som våtserviettar, eingongsklutar skal kastast i søpla og ikkje i do, uansett kva produktet er merka med.  Slike framandelement kan tette både avløpsrøyr i anlegget og rister/ pumper ved slamtømming (når slambilen skal skilje tørrstoff frå avløpsvatnet).

Andre ting som ikkje skal ned i do er: bomullspads, matrestar, kondom- og  tampongar, miljøskadelege stoff som til dømes medisinar, maling og spillolje. Slike framandelement påverkar innhaldet på slammet og kva det kan nyttast til. Les meir på dovett.no

Drift og vedlikehald
  • Alle avløpsanlegg krev ettersyn og vedlikehald av eigar kvart år
  • Det er eigar sitt ansvar å sørge for at kummar er godt sikra 
  • Alle minirenseanlegg og biologiske filtre skal ha serviceavtale med et godkjent foretak. Avtalene skal være bindande og  ikkje kunne seiast opp utan aksept frå kommunen. 
     
Feil/manglar som oppstår på avløpsanlegg

Dersom du som anleggseier har mottatt brev med informasjon om manglar må du rette opp feilen. Ta kontakt med fagperson. Husk at nokre utbetringar også krev løyve frå kommunen. Har du spørsmål her, ta kontakt med kommunen.

Feil/mangler som oppstår på avløpsanlegg
Feil/mangel Kva må du gjere
For dårleg tilkomst Det er anleggseigar sitt ansvar at tilkomstvegen er i god nok stand og halden vedlike med td rydding av greiner. Ved for dårleg tilkomst vert tanken ikkje  tømt, reinseeffekten vert dårleg og kommunen må vurdere å trekkje utsleppsløyve attende.
Manglande klargjerig Det er anleggseigar sitt ansvar at tanken som skal tømast er klargjort og kumlokk fritt tilgjengeleg utan gjenstander på lokket, innebygging eller tildekking.
Høg vasstand i slamavskillar Noko er feil. Høg vasstand skuldast oftast tette grøfter ut frå anlegget, men kan også skyldast utett kum, framandvatn, for stor belastning (flere menneske som nyttar anlegget enn det er dimensjonert for).  Dette kan påverke nærmiljøet, td lukt og oppslag av kloakk med  fare for forureining av drikkevasskjelder og grunnvatn.
Utett kum/Låg vasstand Kummen er ikkje tett og må utbedres/skiftast.
Dykker mangler Dykkeren sit på røyret ut frå slamavskillaren og hindrar at slam renn ut i avløpsgrøfta. Manglende dykker fører til utslepp av slam og forureinande stoff, slik at rør og grøfter vert tetta igjen. Ny dykker må monterast.
Øydelagt skiljevegg Slamavskillar/septiktank vil ikkje fungere som den skal. Konsekvensen vert utslepp av slam til grøft/basseng, og grøfter/basseng vert tetta igjen og må skiftast ut. Tanken må utbetrast/skiftast.
Tilbakeslag frå grøft Betyr at grøft ikkje fungerer som den skal og må utbetrast. Avløpsvatnet vert ikkje reinsa godt nok i jorda og gjev forureining.
Oppslag i terreng Dette skjer når avløpsvatnet ikkje trenger igjennom jorda. Fører til forureining og er uheldig for nærmiljøet.
Skada/øydelagt lokk Alle kumlokk skal være forsvarleg sikra slik at det ikkje skjer ulykker. Lokket må skiftast.

Ansvar, tømming og kostnadar

Ved slamtømming vert slam frå avløpsanlegg henta og levert avvatna til deponi eller annan mottakar via innleigd føretak. Har du spørsmål til sjølve slamtømminga eller behov for ekstra- eller naudtømming kan du kontakte VØR på tlf 70 04 86 00 eller epost: firmapost@vor.no.

Det er likevel Ørsta kommune som er mynde etter forureiningsforskrifta og har ansvaret for både handsaming og tilsyn med spreidde avløpsanlegg. Har du spørsmål knytt til utsleppsløyve, tilsyn eller motteke melding om avvik må du kontakte kommunen. Kontaktinfo:

Ørsta kommune

E-post: postmottak@orsta.kommune.no

Adresse: Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta

Kostnader til slamtømming vert dekt av gebyr frå dei som har eigne avløpsanlegg og fastsett årleg gjennom gebyrregulativet . Etter § 26 og 30 i forureiningslova er det ikkje lov å organisere eiga slamtømming.