Friluftslivområde

Friluftslivområde

Allemannsretten er ein av dei viktegaste føresetnadane for friluftslivet. Allemannsretten er nedfelt i friluftslova og sikrar rett til fri ferdsel i  utmark på visse vilkår.

Statleg sikra områder i Ørsta:

  • Inste delen av Raudøya
  • Badeplassen ved Nakkestranda (Vatnevatnet)
  • Vekslet (Ose)
  • Parkeringsplassen ved Bondalseidet
  • Turdrag ved Oskarelva

Lokalt sikra områder gjennom friviljuge avtaler:

  • Badeplassane i Grøvika og Hovdevatnet
  • Turvegar på Ose og Rjåneset

Nasjonale laksevassdrag:

  • Ørstaelva med Ørstafjorden som nasjonal laksefjord
  • Bondalselva som ei av dei største lakseelvane i fylket

 

Sjå gjerne Forvaltningsplan for statleg sikra friluftslivsområde

Alle skal kunne drive friluftsliv, anten det er i nærleiken av tettstader eller i naturen elles. Det er eit mål å sikre tilgang til viktige friluftsområde mot nedbygging, inngrep og støy, og sikre tilgang  til slike område frå bustadar, skular og barnehagar.