Klima og energi

Klima og energi

Ørsta kommune har ein kommunedelplan for klima-, energi og klimatilpassing. Planen peikar ut seks hovudmål med tilhøyrande strategiar for å kommunen sitt arbeid innan både utsleppsreduksjonar, energibruk og tilpassing til eit venta endra klima.

 Hovudmåla er

  • etablere miljøleiing og klimabudsjett,
  • redusere klimafotavtrykket frå innkjøp vesentleg,
  • redusere behov for fossil transport og ta veksten med miljøvennleg køyrtøy og tilrettelegging for sykkel og gange,
  • bevare evna til opptak og skjerme karbonrike areal, berekraftig arealbruk,
  • utnytte lokal fornybar energi, redusere energiforbruket i kommunale bygg med 15 %,
  • redusere direkte klimagassutslepp med 60 % i høve 2009 og
  • betre evne til å tole venta klimaendringar

Klimaplanen 2023–2033

Kontakt

Magnar Selbervik miljøvernrådgjevar
48166679
@ Magnar Selbervik