ForsøplingForsøpling påverkar naturen og bidreg til å øydelegge den estetiske opplevinga av miljøet rundt oss.Vi har alle eit ansvar for å halde orden rundt eigne søppeldunkar og på eigedommen vår. Det er forbode å tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan verke skjemmande eller vere til ulempe for miljøet. Om det ikkje er sett opp felles søppeldunkar akkurat der du ferdast, må du ta med søppelett heim eller finne ein søppeldunk ein annan stad. Vi må alle sørge for å frakte grovboss som kasserte møblar, bygningsavfall, bilvrak og kvitevarer til den næraste gjenvinningsstasjonen eller anna godkjend mottak.Drivar av kiosk, gatekjøkken, daglegvarehandel, o.l. har ansvar for å sette opp og tømme søppelkasser i nærleiken av salsstaden. Den som er ansvarleg for arrangement på offentleg stad skal sørge for nødvendig opprydding ved at avfall blir fjerna under og etter arrangementet.Offentleg ansvarInnsamling av hushaldningsavfall er det VØR (Volda og Ørsta Reinhaldsverk) som har ansvaret for. Les meir om avfall og renovasjon på VØR sine nettsider.Aktuelle lovverkForurensingsloven Meld inn forsøplingHar du oppdaga forsøpling i kommunen? Meld det inn til oss i skjemaet under.Meldeskjema til teknisk drift og eigedom