Forureining

Forureining

Kommunen er lokal forureiningsmynde og har ansvar og plikt til å sjå til og følgje opp ulovleg forureining. Større bedrifter sine utslepp regulerast gjennom eigne utsleppsløyve frå Statsforvaltaren.  

Det gjeld også eigne reglar for forureina grunn og handtering av rivingsvirke frå bygge – og anleggstiltak.

Den mest sentrale lova som gjeld forureining er forurensingslova. Lova har følgjande føremål:  

  • Å verne ytre miljø mot forureining og å redusere eksisterande forureining, å redusere mengda avfall og å fremje ei betre handtering av avfall.  
  • Å sikre ein forsvarleg miljøkvalitet, slik at forureining og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skadar naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. 

Ansvaret ligg til staben og miljøvernrådgjevar. I praksis følgjer landbrukskontoret opp forureining som er direkte knytt til landbruk (td. gjødselspreiing).