Val 2025

Val 2025

8. september 2025 er det stortingsval. Her finn du oversikta over når, kvar og korleis du kan stemme. Bruk knappane over for å få svar på det du lurer på.

Kven kan røyste?

Dei som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og er norske statsborgarar, kan røyste ved stortingsval. Det er ein føresetnad at du står oppført i manntalet (liste over dei med stemmerett).

Korleis røyster du?

  • ta med legitimasjon med bilde
  • gå til ein røystebås der alle vallistene ligg
  • vel lista du ønsker å røyste på
  • brett lista med stempelsida ut slik at ingen ser kva liste du har valt
  • vis legitimasjon til ein valfunksjonær
  • få setelen stempla av ein valfunksjonær før du legg setelen i ei forsegla valurne

MERK: Nytt ved årets stortingsval er at du ikkje kan gjere endringar på stemmesetelen

Førebels valresultat

Førebels resultat publiserast fortløpande på valgresultat.no etter klokka 21.00 på valdagen.

Kontakt

Valansvarleg: Ingeborg Myklebust Bjørneset
Vara valansvarleg: Ingrid Åshamar

Ei urne med kvit bakgrunn - Klikk for stort bilete Kommunal- og distriktsdepartemetet, Tore Fjeld

Kontakt

Ingeborg Myklebust Bjørneset konsulent
90857242
@ Ingeborg Myklebust Bjørneset
Ingrid Åshamar konsulent politisk sekretariat
48149075
@ Ingrid Åshamar