Slik kan du påverke

Slik kan du påverke

Det er mange ulike måtar du kan påverke og medverke til lokalpolitikken mellom valperiodene.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Følg debatten i dei politiske møta

Alle politiske møte i kommunen er opne. Unntaket er når det skal behandlast saker som er unnateke offentleg innsyn. Dei fleste møta vert haldne på Ørsta rådhus. 

Møteportalen ser du kvar og når dei politiske møte vert haldne.

Kommunestyremøta blir sendt direkte på heimesida (via youtube), du kan også sjå eldre møter.

Sjå direktesendingar og videoarkiv 

Gi høyringsinnspel

Kommunen legg jamleg ut saker til høyring. Både organisasjonar og enkeltpersonar kan uttale seg i høyringane før sakene vert behandla vidare. 

Her finn du saker som er til kunngjering og høyring

Kontakt ein folkevald

Du kan seie det du meiner direkte til dei folkevalde som behandlar politiske saker, under finn du kontaktinformasjon: 

Her finn du møteplan med kontaktinfo til dei folkevalde i Ørsta

Møt opp på gruppemøte

Dei vekene det er kommunestyremøte, har partia kvar sine gruppemøte. Her førebur partia seg på det komande kommunestyremøtet. Om du har ei sak du vil ta opp med eit parti: Kontakt gruppeleiaren. 

Her finn du dei politiske partia og kontaktinformasjon

Gjer deg kjend med sakene dei folkevalde skal behandle

Saksdokumenta til møte i politiske utval, formannskapet og kommunestyret ligg på nett. Kanskje skal ei sak du er spesielt engasjert i behandlast? 

Her finn du møtedokumenta

Ofte vert ei sak først behandla i eit utval og/eller i formannskapet før ho går vidare til kommunestyret. Dess tidlegare i prosessen du engasjerer deg, dess større er sjansen for at du kan påverke. 

Kontakt

Inger Johanne Løeng konsulent politisk sekretariat
91108618
@ Inger Johanne Løeng
Ingrid Åshamar konsulent politisk sekretariat
48149075
@ Ingrid Åshamar