Reiserekning og tapt arbeidsforteneste for folkevalde

Reiserekning og tapt arbeidsforteneste for folkevalde

Folkevalde skal sende reiserekning i visma employee-appen. Skjema for tapt arbeidsforteneste skal også sendast inn som utlegg i visma employee-appen.

Slik ser visma employee-appen ut. Søk den opp, der du brukar å laste ned appar.

Reiserekning

Slik gjere du dette i visma employee-appen

  1. Har du visma employee-appen? Om ikkje last ned på telefonen din her: For Android-telefonar eller for iPhone
  2. Logg inn (med e-post og passord)
  3. Trykk på “Opprett kjørebok”
  4. Fyll inn informasjon om reisa
  5. Trykk på knappen “Lagre”
  6. Trykk på knappen “Send inn”
     

Tapt arbeidsforteneste

Fyrst må du og din arbeidsgivar fylle ut skjema for Krav om dekking av tapt arbeidsforteneste - dette skjema skal du ta bilde av og legge som vedlegg når du sender inn i visma employee-appen.

Slik gjere du dette i visma employee-appen

  1. Har du visma employee-appen? Om ikkje last ned på telefonen din her: For Android-telefonar eller for iPhone
  2. Logg inn (med e-post og passord)
  3. Vel “Registrer ny kvittering” 
  4. Då kjem kameraet ditt opp: ta bilde av alle tre sidene (samtidig! sjå døme) på det ferdig utfylte skjemaet “Krav om dekking av tapt arbeidsforteneste”
  5. Fyll inn “Vel utleggstype”, “Beløp”, “Dato” og “Formål” (Skriv: politisk møte).
  6. Trykk på knappen “Lagre”
  7. Trykk på knappen “Send utlegg”
Ta eit bilde der alle 3 sidene er med.


Møtegodtgjersle

Møtegodtgjersle blir betalt ut automatisk på neste lønskjøring. 

Ta kontakt med politisk sekreteriat om noko er feil eller manglar.
 

Nyttige lenkjer