Lærling

Lærling

Å vere lærling i Ørsta kommune er ei fantastisk moglegheit for unge menneske som ønskjer å utvikle seg både fagleg og personleg. 

Som lærling/lærekandidat hos oss inngår du ei kontrakt og tek del i utdanninga på ein eller fleire av lærestadane våre. 

Du har rettar og plikter som andre tilsette. Du har rett på å få den opplæringa som læreplanen fastset. Du skal delta aktivt for å nå måla, og å delta i planlegging og vurdering av ditt eige arbeid. Læretida vert avslutta med ein fagprøve/kompetanseprøve.

Legg til kulepunkta:

  • Byggdriftar
  • Annleggsgartnar

Du kan søkje læreplass hos oss dersom du oppfyller desse krava:

  • Har fullført to år yrkesfagleg studieretning og med rett til treårig vidaregåande utdanning
  • bestått tverrfagleg eksamen på Vg1 og Vg2
  • Har lite fråvær og bestått alle fag

Vi vil primært prioritere søkjarar med ungdomsrett. Dersom det er ledig kapasitet vil vi også vurdere elevar som har brukt opp retten sin til treårig vidaregåande opplæring. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, og det er det totale inntrykket som vert avgjerande for kven som får tilbod om læreplass hos oss.