Den lokale lønspolitikken kan du lese meir om her: Lønspolitikk for Ørsta kommune
Du bør også gjere deg kjend med kven som er din hovudtillitsvald dersom du er organisert i ei fagforeining. Ved fremjing av ev. lønskrav ved tilsetting skal det skje gjennom din hovudtillitsvald om du er organisert, ev. gjennom skriftleg krav direkte til arbeidsgivar ved stabsleiar personal om du ikkje er organisert. Slike krav vert handsama av forhandlingsutvalet jf. Lønspolitikk for Ørsta kommune.
Forsikringar
Kommunal Lands pensjonskasse (KLP) er Ørsta kommune sitt forsikringsselskap når det gjeld tariffesta personforsikringar som livs- og ulykkesforsikring. Dei tilsette får i tillegg tilbod om å teikne ulykkesforsikring som gjeld i fritida mot eit trekk i løn månad. Forsikringa er frivillig, men dei tilsette vert i utgangpunktet innmeldt i denne ordninga. Dersom nokon ynskjer å reservere seg, gir dei melding om det på opplysningsskjemaet for nytilsette.
Pensjon
Tilsette i Ørsta kommune har pensjonsmedlemsskap i KLP (undervisningspersonale har i SPK- Statens Pensjonskasse).
Det vert trekt 2% av lønna til dette føremålet.
Spørsmål om forsikring og pensjon vert å rette til sakshandsamaren vår: Bente Lothe Eldholm
Utfyllande informasjon om løn, forsikring og pensjon finn du i Compilo.