Førebuande opplæring for vaksne (FOV)

Førebuande opplæring for vaksne (FOV)

Ørsta opplæringssenter tilbyr førebuande opplæring for vaksne (tidlegare grunnskule for vaksne) etter Opplæringslova- § 18.2

Kven har rett til opplæring?

Du har rett til opplæring dersom:

  • du er over 16 år
  • du ikkje har rett til vidaregåande opplæring
  • du har lovleg opphald i Noreg
     

Kven er FOV for?

FOV er for deg som:

  • treng opplæring på nivået under vidaregåande
  • ikkje har fått tilfredstillande grunnskuleopplæring tidlegare
  • treng å lære fag eller grunnleggande ferdigheiter som du ikkje har fått i skulen før
  • treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom

Fag

Faga vi tilbyr

  • Norsk og særskilt norsk for språklege minoritetar
  • Matematikk
  • Samfunnsfag
  • Naturfag
  • Engelsk

Grunnleggjande ferdigheiter

Du kan også søkje om opplæring i grunnleggjande ferdigheiter:

  • Lesing
  • Skriving
  • Rekning
  • Munnlege ferdigheiter
  • Digitale ferdigheiter (IKT)

Dine rettar

Rettar du har:

  • Rett til rådgjeving for å finne ut kva opplæring du treng
  • Rett til opplæring som er tilpassa det du kan frå før
  • Du treng ikkje ta heile fag, berre det du har behov for
     

Realkompetansevurdering

Realkompetanse er det du har lært gjennom livserfaring, arbeid, utdanning eller fritidsaktivitetar.

Vaksne som:

  • ikkje har fullført grunnskulen
  • manglar papir på gjennomført grunnskule

...kan få vurdert realkompetansen sin ved Ørsta opplæringssenter.

Fag du kan få vurdering i:

  • Norsk
  • Engelsk
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Samfunnsfag

 

Kontakt

Hilde Bjørkedal tenesteleiar Vaksenopplæring og integrering
95169171
@ Hilde Bjørkedal
Jan Sylte Rådgivar
94152216
@ Jan Sylte
Gunvor Skaar Bondhus assisterande rektor
95923487
@ Gunvor Skaar Bondhus