Opphaldsløyve
Ein utlending kan opphalde seg i Norge ut over tre månader etter å ha fått vedtak om opphaldsløyve. Skjema - UDI
Sjå utlendingsloven for reglar om permanent opphald.
Statsborgarskap
Inneber tilknyting til ein stat, og visse rettar og pliktar overfor denne staten. Ein kan verte norsk statsborgar ved fødsel, adopsjon, etter melding eller etter søknad.
Søk om statsborgarskap
Flyktningar og vern
Flyktningar skal sikrast vern nær konfliktområda. Der dette ikkje er mogleg, skal Norge medverke gjennom å ta imot flyktningar og gje dei opphald og vern her i landet.
Retten til asyl er til for mennesker på flukt, og må ikkje verte misbrukt. Innreise og innvandring til Norge skal regulerast og kontrollerast i samsvar med det ein har plikt til gjennom internasjonale avtalar.