Kva er ein logoped?
Ein logoped gir hjelp til personar som har ulike former for kommunikasjonsvanskar, vanskar med uttale/språklydar, taleflyt og/eller stemme.
Kven kan nytte seg av kommunal logoped?
Kommunal logopedteneste er for barn og unge som har rett til å få hjelp av logoped gjennom barnehagelova eller opplæringslova.
For begge lovverka skal det ligge ei sakkunnig vurdering til grunn for logopedtenestene.
Korleis opprette kontakt med kommunal logoped?
Leiar i barnehage/skule og føresette nyttar seg av søknadsskjema (kjem snart).
Det må ligge ei sakkunnig vurdering til grunn for søknaden, den skal lastast opp som vedlegg i skjema.
Nye saker blir vurdert, og ein tek omsyn til barnet/eleven sitt behov og logopeden sin kapasitet.
Kartlegging, vurdering og observasjon
Kartlegging kan innebere samtale med person, føresette og tilsette i barnehage og skule, testing og observasjon i ulike settingar.
Behandling og oppfølging
Kommunal logoped tilbyr rådgjeving og behandling av alle typar logopediske vanskar, og utviklar ein individuell behandlingsplan og tilpassa tiltak.
Råd og rettleiing
Kommunal logoped tilbyr rettleiing til tilsette i Ørsta kommune som arbeider rundt barn som får logopedhjelp og til føresette som har barn som får logopedtenster.
Rektor/styrar og føresette kan ta kontakt per e-post til logopeden.
Behov for logopedhjelp utover dette
Personar som har behov for logopedhjelp av medisinske årsaker, og uansett alder, kan nytte privatpraktiserande logoped.
Du må få tilvising frå lege før oppstart av behandling. Legen skal oppgi diagnose på tilvisinga.
Nyttige lenkjer