Skuleskyss

Skuleskyss

To barn står i eit busskur å ventar på bussen. Det er vinter og regn. - Klikk for stort bileteElevar i Bjørdalen som ventar på buss til skulen. Arkiv

 Elevar har rett til skyss dersom

  • dei går på 1. årstrinn og bur minst 2 km frå skulen
  • dei går på 2.-­10. årstrinn og bur minst 4 km frå skulen
  • skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg, uavhengig av kor lang skulevegen er
  • dei må reise med båt

Skuleskyss er ei fylkeskommunal oppgåve, les meir om ordninga på mrfylke.no - skuleskyss i grunnskulen.

Tilrettelagt skyss: Elevar med behov for tilrettelagt skyss har rett til skyss til og frå skulen og skulefritidsordninga (SFO), dersom dei treng det, uavhengig av avstanden (Opplæringslova kapittel 7).

Kommunalt skuleskyssreglement

I tillegg til den fylkeskommunale ordninga fins det i Ørsta eit kommunalt skuleskyssreglement, som opnar for skyss for elevar med kortare skuleveg enn 4 km. I hovudsak gjeld dette på trafikk- eller rasfarlege strekningar.

Du kan bruke avstandsberekninga til Møre og Romsdal fylke for utrekning av avstand mellom bustad og skule. Tenesta er meint å vere til hjelp for elevar, skular og andre for å finne ut om ein elev kan ha rett til skuleskyss. Avstandsberekninga er ikkje juridisk bindande.

Når det kjem søknadar som ikkje fell inn under nemnde regelverk, er det i Ørsta delegert til kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering å imøtekome eller avslå desse. Statsforvaltaren er ankeinstans.

Elevar med skyssrett som mottek plass i SFO får som hovudregel ikkje tildelt busskort. Dersom eleven likevel ynskjer å nytte skyssretten sin, skal dette meldast skriftleg til skulen. Meldinga vert vidareformidla til transportør og eleven får tildelt busskort i samsvar med innmeldte behov.

Nyttige lenkjer

Kontakt

Bjørg Engeset Gjersdal konsulent
94840986
@ Bjørg Engeset Gjersdal