Det er mange moglege grunnar til at born og unge har fråvær frå skule. Det kan skuldast at noko vert opplevd som vanskeleg på skulen, som mobbing, bråk i klassa, prestasjonspress, framføringar, lærarskifte eller mangelfull tilrettelegging. Psykiske utfordringar som til dømes angst, depresjon, søvnvanskar, vanskar mellom born og foreldre eller andre vanskar i heimen kan vere medverkande årsaker. Stress og vanskelege opplevingar spelar også ei rolle.