Mobbing

Mobbing

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.

Opplæringslova § 12-3.Nulltoleranse og førebyggjande arbeid

Skolen skal ikkje godta krenkjande oppførsel, som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Skolen skal arbeide kontinuerleg for at alle elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø.

Skulane i Ørsta skal arbeide aktivt og systematisk for å utvikle eit godt skulemiljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosial tilhøyrsle. Elevane har rett til å delta i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet med skulemiljøet. Dersom elev eller føresett ikkje er nøgd med skulemiljøet, kan ein be skulen om å gjere noko med det.

Skulen ved rektor undersøkjer saka og set inn høvelege tiltak.

Mobbing finn stad i alle lag av befolkninga i samfunnet, i alle aldersgrupper. I Noreg er det vedteke eit Manifest mot mobbing. Ørsta kommune som organisasjon har skrive under på eit slikt Manifest.

Vil du melde ifrå om skulemiljø?
Bruk skjema for den skulen det gjeld: Dalane skuleHovden skuleSæbø skuleVartdal skuleVelle skuleVikemarka skuleØrsta ungdomsskule.

Nyttige lenkjer

Plakat om mobbing frå Udir. - Klikk for stort bilete Udir