Skulemiljø

Skulemiljø

Vil du melde ifrå om skulemiljø? Klikk på den skulen det gjeld: 

Dalane skule Hovden skule Sæbø skule Vartdal skule Velle skule Vikemarka skule Ørsta ungdomsskule

Skulemiljøet til elevane

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.

Skulane i Ørsta skal arbeide kontinuerleg for at alle elevane skal ha eit trygt og godt skulemiljø.

Skulen skal sørge for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggande omsyn i skulen sitt arbeid. 

– Opplæringslova kapittel 12 

Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skulemiljø 

Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev.

Alle som arbeider på skolen, skal melde frå til rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Det gjeld også når ein elev seier sjølv at ho eller han ikkje har det trygt og godt. Skolen skal snarast undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen i alvorlege tilfelle.

Skolen skal lage ein skriftleg plan for tiltaka i ei sak. I planen skal det stå
a.    kva problem tiltaka skal løyse
b.    kva tiltak skolen har planlagt
c.    når tiltaka skal gjennomførast
d.    kven som skal gjennomføre tiltaka
e.    når tiltaka skal evaluerast
Skolen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til andre ledd, i den forma og det omfanget som er nødvendig.

– Opplæringslova §12. 4 

Det fysiske miljøet

Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det leggjast til rette for dei elevane ved skolen som har nedsett funksjonsevne.

Har du spørsmål i høve regelverket kan du ta kontakt med skulen der barnet ditt er elev. Du kan òg kontakte kommunen som skuleeigar eller du kan vende deg til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

– Opplæringslova § 12-7. 

Uteområde

Uteområda ved skular og barnehagar skal gi rom for varierte aktivitetar, og dei skal stette krava om å vere ein trygg men utfordrande stad for leik, læring og opplevingar.
Skulebygga skal tilretteleggast og drivast slik at det vert teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.

Alle elevane har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa deira behov. Skulebygga skal ha universell utforming. Det skal takast omsyn til elevar som har nedsett funksjonsevne.