Pris og moderasjon

Pris og moderasjon

Her finn du prisar for SFO per månad, i tillegg til moderasjonsordningar. 

Skuleåret 2025/2026

SFO prisar
Prisar SFO per månad: 1.-3. klasse - inkl. GRATIS 12t* 1.-3. klasse - matpengar 4. klasse - ordinær 4. klasse - matpengar
Heilt tilbod 1 960 kr 330 kr 4 500 kr 330 kr
Delt tilbod 160 kr 220 kr 2 700 kr 220 kr
Korttidsplass morgonar 0 kr 165 kr 1 860 kr 165 kr
Korttidsplass ettermiddagar 110 kr 165 kr 2 650 kr 165 kr
Gratis-plass 0 kr 165 kr Ikkje tilbod Ikkje tilbod
Kjøp av ein ekstra dag (per dag) 360 kr Inkl. i prisen 360 kr Inkl. i prisen

*Regjeringa har bestemt at det skal vere 12 timar gratis SFO for 1.–3. trinn.

Søskenmoderasjon

For andre og tredje barn blir det automatisk gjeve 25% trekk i foreldrebetalinga. Det blir ikkje gjeve syskenmoderasjon for ferie-SFO.

Redusert foreldrebetaling

Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknad om redusert foreldrebetaling. Søknaden gjeld for eit skuleår.

Ingen husstand skal betale meir enn 6% av den årlege inntekta si for ein SFO plass for born på 1. og 4. årstrinn. Dersom den årlege sumen for SFO utgjer meir enn 6 % av den årlege inntekta til husstanden, kan de søkje om redusert foreldrebetaling. 

Du søkjer i foreldreportalen Vigilo: Søknad Etter innlogging: Vel "Søknader", "Ny søknad" og "Redusert betaling".

Det er ingen frist for å søkje, men vedtak gjeld for eit skuleår i gongen. Vedtak gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert.

Er du usikker på om du kan søkje om redusert foreldrebetaling? Ta kontakt med di SFO avdeling eller SFO-koordinator Bjørg Engeset Gjersdal.

Utdjupande informasjon om foreldrebetaling

Utdrag frå forskrift til opplæringslova kapittel 1B. Skolefritidsordninga:
§ 1B-1. Reduksjon i foreldrebetalinga for elevar på 1–4. årstrinn

Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1.–4. årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:

  1. foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller
  2. det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.
    For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret.

Betaling for kost kan komme i tillegg.

§ 1B-2. Søknadsbehandlinga til kommunen i saker om reduksjon av foreldrebetaling

Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet for det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld.

Med hushald meiner ein i dette kapittelet ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette.

Med inntektene til hushaldet meiner ein i dette kapittelet hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktige kapitalinntekt.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna.

Dersom grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.

Opplæringslova om Skolefritidsordninga

SFO for born med behov for individuell tilrettelegging på 5.–7. trinn

Barn på 5.–7. trinn som treng individuell tilrettelegging* kan søkje plass. 

«Barn som treng individuell tilrettelegging» betyr barn med store og omfattande hjelpebehov, altså varige funksjonsnedsettingar som krev mykje og langvarig hjelp. 

Lova gir ikkje nokon barn, heller ikkje desse, ein individuell rett til plass i SFO. Og kor mykje nødvendige tilpassingar som trengst i lokala, avgjer kva SFO barnet kan få plass i.

*Merk: Omgrepet «barn med særskilde behov» vert nytta i opplæringslova §13-7.

Ved søknad om moderasjon

Krav til dokumentasjon

Når du søker blir informasjon om skatt og inntekt henta inn automatisk. Du treng ikkje lenger å legge ved skattemeldinga.

Men om du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står i skattemeldinga, skal disse dokumenterast. Dette er mellom anna renteinntekter, aksjeutbytte, leieinntekter. Søknaden blir ikkje behandla før all dokumentasjon er sendt inn.

Om grunnlaget for siste fastsetting av formue- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattemynde og kommunen ikkje har grunnlag for å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkar om å legge fram anna gyldig dokumentasjon.

Slik dokumentasjon kan vere:

  • Vedtak fra NAV
  • Dokumentasjon frå arbeidsgiver som viser vesentlig endring i lønn

Handsaming

Søknadar vert handsama etter kvart med vedtak som gjeld frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet. Dokumentasjon må då vere levert i lag med søknaden. Søknaden varer for eit skuleår (1. august til 31. juli) om gangen. 

Kontakt

Bjørg Engeset Gjersdal konsulent
94840986
@ Bjørg Engeset Gjersdal