Permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring

Permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring

Barn har plikt til grunnskuleopplæring frå året dei fyller seks år, til dei har avslutta 10. trinn. Kommunen kan gi ein elev permisjon frå opplæringa dersom eleven får opplæring som samla sett er forsvarleg.

Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet. 

Jf. Opplæringslova § 2-2. Plikt til grunnskuleopplæring 4. og 5. ledd.

Slik søkjer du permisjon

Inntil 10 (skule)dagar permisjon:

  • Søknad om elevpermisjon sendast inn via foreldreportalen Vigilo, dette krev innlogging via ID-porten. Rett søknadskjema finn du under "Søknader".
  • Dersom du har fleire barn må du sende inn ein søknad for kvart barn. 
  • Søknaden blir behandla av skulen eleven går på. Behandlingstida kan vere inntil tre veker. 

Søk om elevpermisjon (vigilo)

Over 10 (skule)dagar:

Ta kontakt med kommunen. Sjå kontaktinformasjon nedst på sida.

 

Søknadsfrist

Søk om permisjon i god tid, helst tre veker før. Skulen/kommunen må rekke å behandle søknaden din før den planlagde permisjonen.

Omfang av permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring

Skulen kan gi permisjon frå pliktig opplæring i inntil 10 dagar per skuleår for kvar elev.

Søknad om permisjon for ein eller to skuledagar kan sendast direkte til kontaktlærar.

Søknad om permisjon for meir enn to skuledagar skal sendast til rektor gjennom Vigilo. Søknadsskjema for dette finn du lengre nede på nettsida.

Det er rektor ved skulen som eleven er elev ved som behandlar søknaden. Skulen kan velje å ikkje godkjenne søknaden sjølv om det er forsvarleg å gje eleven fri.

For periodar meir enn 10 dagar må føresette melde i frå til Oppvekst, kultur og inkludering om fritak frå opplæringsplikta eller gi melding til Ørsta kommune om privat grunnskuleopplæring i heimen.

Søk i god tid, helst tre veker før. Skulen må rekke å behandle søknaden din før den planlagde permisjonen.

Dersom du har fleire barn må du sende inn ein søknad for kvart barn.

Når kan ein få innvilga permisjon?

Elevar som har krav på permisjon:

  • Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet.
Krav til søkjar

Skulen gir ikkje permisjon i periodar då ein førebur eller gjennomfører:

  • Statlege kartleggingsprøver
  • Nasjonale prøver
  • Eksamen, munnleg og skriftleg
  • Det er ikkje vanleg å gi permisjon til ferie, treningssamlinger eller liknande, eller når eleven har mykje udokumentert fråvær.
  • Siste halvdel av 10. trinn er ekstra viktig, då eleven skal ha sluttvurerding i denne terminen. Det betyr at det normalt ikkje er forsvarleg å gi permisjon over fleire dagar i dette halvåret.

Dersom eleven har rettar til individuell tilrettelagd opplæring etter opplæringslova § 11-6 eller rettar til særskild språkopplæring etter § 3-6 fell timar til dette bort i permisjonstida og vil ikkje kunne takast att seinare.

Klage

Vil du klage på vedtaket om permisjon må du klage innan tre veker etter at du har motteke svaret på søknaden. Klagen skal sendast til skulen som har behandla søknaden.

Kontakt

Bjørg Engeset Gjersdal konsulent
94840986
@ Bjørg Engeset Gjersdal
Mari-Anne Aarskog rådgjevar
40583293
@ Mari-Anne Aarskog