Lesing i heimen

Lesing i heimen

Video: Nasjonalt lesesenter UiS

Småskulen 1.–4. trinn

KI-generert illustrasjon. - Klikk for stort bilete

"Den finaste gåva du kan gi til barnet ditt er leselyst og leseglede. Det finnast mange måtar å gjere det på: du kan blant anna lese og lytte til bøker saman, snakke saman, fortelje kvarandre historier, og leike med språket og bokstavane. 

Som føresette har ein eit ansvar for å vise barna at lesing er ein aktivitet til glede og nytte". (Lesesenteret)

Tips til føresette om lesing i heimen
Korleis øve på leselekse?

Mellomsteget 5.–7. trinn

KI-generert illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Noko av det viktigste barna skal lære, er å lese. Ofte tenker vi på lesing som ei grunnleggande ferdigheit i norskfaget, men barn må lese i alle fag og for mange ulike føremål. Det å forstå tydinga av ein skriven bodskap er viktig for å kunne delta i samfunnslivet på ein kritisk og reflektert måte, samtidig som det er viktig for eiga utvikling.

Det å lese handlar også om å kunne bruke strategiar for å forstå, tolke og finne informasjon om kva teksten handlar om. Det er heilt nødvendig for dagens lesarar å kunne skilje det som er viktig frå det som er mindre viktig.

Tips for føresette på mellomsteget

Ungdomsskulen 8.–10. trinn

Tips for føresette i ungdomsskulen