Ulykkeforsikring for barn i barnehage, SFO og elevar i grunnskule

Ulykkeforsikring for barn i barnehage, SFO og elevar i grunnskule

Barn som går i barnehage, på grunnskule og SFO i Ørsta kommune er forsikra i KLP og har krav på erstatning ved ulykkesskader som fører til varig medisinsk invaliditet eller dødsfall.

Kva gjelder forsikringa for?

Forsikringen gjelder for barn og ungdom i:

  • barnehage, grunnskule, SFO, vidaregåande skule 
  • deltakelse i andre aktiviteter i kommunal og fylkeskommunal regi
  • under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som en del av undervisningen. 

Forsikringa gjeld også på vei til og fra barnehagen, skulen eller praksisplassen.
 

Kva dekkjer forsikinga?

  • Varig medisinsk invaliditet* (ménerstatning), inntil 10 G.
  • Dødsfall på grunn av ulykke
  • Behandlingsutgifter blir dekt når meirutgifter til lege/tannlege kan dokumenterast. Denne typen behandlingsutgifter blir betalt ut i inntil tre år frå skadedagen, begrensa til 1 G.

*Erstatning blir utrekna etter grad av medisinsk invaliditet. 

NAV dekkjer medisinsk behandling for elevar

Dersom det skjer ei ulykkesskade i skuletida, dekkjer NAV sin yrkesskadeordning dei fleste former for naudsynt medisinsk behandling. Behandlingsutgifter som kan dekkjes hjå NAV, blir ikke dekt av ulykkesforsikringa i KLP, og skal derfor ikke meldes til forsikringsselskapet.


Forsikringa dekkjer ikkje 

  • Kle, briller og personlege effektar som blir øydelagt. Dette må føresette eventuelt forsikre sjølve. 
    Dersom privat lausøyre blir øydelagt på grunn av grov uaktsomheit frå tilsette/personale, kan føresette sende krav til skulen/barnehagen.
  • Utgifter til opphald på hotell, rekonvalesentheim, privat sjukehus eller liknande, med mindre det ligg føre ein avtale om det med NAV.
  • Erstatning ved behandlingsutgifter, når erstatninga er dekt etter folketrygdlova eller yrkesskade-forsikringslova.
  • Forsettleg eller grovt uaktsomt framkalte hendingar.
  • Tannskade som følgje av å ete.
  • Skade som skuldast sjuklege tilstandar (for eksempel besvimelse).
  • Kosmetiske operasjonar og behandling i private klinikker utan avtale med NAV.
     

Når skal du melde skade?

Om forsikringa gjeld for skaden skal du melde ifrå direkte til skulen eller barnehagen. 

Meir informasjon kan du finne på KLP.no