Heiltids- og deltidsplassar
*Nasjonal makspris frå 01.08.2024.
Les om søk barnehageplass.
Matpengar
Barnehagane krev betaling for kost (matpengar) i tillegg til maksprisen. Satsen for matpengar er kr 500 for 100% plass.
Redusert plass gir redusert pris på kost.
Kjøp av ekstra dag
Har du ikkje 100% plass, men ynskjer å kjøpe ein ekstra dag, så er dette mogleg. Pris for ein ekstra dag er kr 300.
Søskenmoderasjon
Kommunen gir foreldre 30 prosent reduksjon i foreldrebetaling for barn nummer 2 og 100 prosent reduksjon i foreldrebetaling for barn nummer 3 eller fleire barn, dersom:
- Søsken bur fast saman, og
- går i barnehage i same kommune.
Føresette treng ikkje å søke om denne moderasjonen.
Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid
Redusert foreldrebetaling
Ingen hushald skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Foreldrebetalinga er også avgrensa av maksimalprisen. Det er hushaldet si brutto inntekt som vert lagt til grunn. Skattefrie inntekter skal ikkje inkluderast. Det er Lov om barnehagar og Forskrift om foreldrebetaling i barnehagen som avgjer foreldrebetalinga i barnehagen.
- Skattepliktige ytelser som arbeidsavklaringspenger, dagpenger, uføretrygd er eksempel på inntekter som reknast med i grunnlaget. Det er bruttosats som må dokumenterast.
- Barnetrygd, barnebidrag, stønad til barnetilsyn, sosialstønad og studielån til dømes er skattefrie ytelser/overføringar som ikkje reknast med i inntektsgrunnlaget
Som eit hushald reknar ein ektefelle, registrerte partnarar og sambuarar. Bur eit barn fast med begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.
Meir informasjon finn du på Utdanningsdirektoratet.no.
Søknad
Gratis kjernetid
Frå 1. august 2016 har alle 2-, 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med lav inntekt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke.
Meir informasjon finn du på Utdanningsdirektoratet.no.
Søknad
Søknad og handsaming
Søknad og søknadsfrist
Du søker via foreldreportalen Vigilo: vigilo.no/orsta Etter innlogging: Vel "Søknader", "Ny søknad" og "Redusert betaling".
Søknadsfrist
Du kan søke heile året. Vedtaket gjeld frå fyrste heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert.
Søk kvart år
Søkar må søke kvart år for å få redusert foreldrebetaling. Reduksjonen gjeld eit barnehageår i gangen. Det blir fatta vedtak ved søknad og sendt ut.
Handsaming
Handsaming
Søknadar vert handsama etterkvart. Vedtak som gjeld frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet.
Forskrift om foreldrebetaling § 3e Kommunens behandling av søknader:
«Kommunen skal innhente de opplysninger den trenger for å behandle søknader om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. Kommunen må innhente navn på barnet som det søkes om moderasjon for og navn på personer i husholdningen der barnet er folkeregistrert fra søker, jf. § 3d andre ledd.
Kommunen kan, uten hinder av taushetsplikt, innhente grunnlaget for siste fastsetting av formues- og inntektsskatt for husholdningen fra skattemyndighetene for å dokumentere husholdningens inntekt for det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a.
Dersom søknaden om reduksjon gjelder for hele den tiden barnet har barnehageplass i kommunen, kan kommunen innhente opplysninger som nevnt i første og andre ledd og fatte nye vedtak om moderasjon så lenge barnet går i barnehage.»
Ordninga gjeld både kommunale og private barnehagar.
Utrekning av redusert foreldrebetaling
Frå 1. mai 2015 skal ingen hushald betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Foreldrebetalinga er også avgrensa av maksimalprisen. Det er hushaldet si brutto inntekt som vert lagt til grunn. Skattefrie inntekter skal ikkje inkluderast.
- Skattepliktige ytelser som arbeidsavklaringspenger, dagpenger, uføretrygd er eksempel på inntekter som reknast med i grunnlaget. Det er bruttosats som må dokumenterast.
- Barnetrygd, barnebidrag, stønad til barnetilsyn, sosialstønad og studielån til dømes er skattefrie ytelser/overføringar som ikkje reknast med i inntektsgrunnlaget
Som eit hushald reknar ein ektefelle, registrerte partnarar og sambuarar. Bur eit barn fast med begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.
Meir informasjon om ordninga finn du på utdanningsdirektoratet sine heimesider: Foreldrebetaling
Krav til dokumentasjon
Krav til dokumentasjon
Når du søker blir informasjon om skatt og inntekt henta inn automatisk. Du treng ikkje lenger å legge ved skattemeldinga.
Men om du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står i skattemeldinga, skal disse dokumenterast. Dette er mellom anna renteinntekter, aksjeutbytte, leieinntekter. Søknaden blir ikkje behandla før all dokumentasjon er sendt inn.
Om grunnlaget for siste fastsetting av formue - og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattemynde og kommunen ikkje har grunnlag for å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkar om å legge fram anna gyldig dokumentasjon.
Slik dokumentasjon kan vere:
- Vedtak fra NAV
- Dokumentasjon frå arbeidsgiver som viser vesentlig endring i lønn