Bakgrunnen er at fleire kampar, særleg med det norske landslaget, vert sende på natta norsk tid. På grunn av dette er det gjort eit mellombels unntak i alkohollova som gir kommunane høve til å fastsette lengre skjenketider for stader som viser direktesende kampar.
Kven kan søke?
Serveringsstadar og arrangørar som:
- har lisens og viser direktesende VM-kampar
- ønskjer å halde ope utover vanleg skjenketid
- har alminnelig skjenkeløyve eller for einskildhøve
Tidspunkt og alkoholgruppe
- Ordninga gjeld i perioden 11. juni til 19. juli 2026
- Utvida skjenketid kan berre gjelde under direktesende kampar
- Ordninga gjeld for alkohol i gruppe 1 og 2
Vilkår
For å få godkjent utvida skjenketid må:
- lisens med dokumentasjon vere på plass
- plan for vakthald
- arrangementet meldast inn i politiet sin nettportal
- søknad sendast til kommunen
Slik søker du
Har du skjenkeløyve kan søke om utvida skjenketid slik:
Har du ikkje har alminnelig skjenkeløyve? Då må du i tillegg søke om Skjenkeløyve for einskildhøve eller ambulerende løyve.