Skjenkeløyve

Skjenkeløyve

Skjenkeløyve gir rett til sal av alkohol i eit lokale som har serveringsløyve.

Søke om skjenkeløyve

Har du serveringsløyve og ønskjer å skjenke alkohol, må du søkje om skjenkeløyve. Har du ikkje serveringsløyve så kan du søkje om servering- og skjenkeløyve samstundes i same skjema.

Søknadsskjema skjenke- og serveringsløyve

Lukka selskap

Det kan gjevast ambulerande løyve for skjenking til lukka selskap der det vert teke vederlag for alkoholhaldig drikke.

Selskapet kan ikkje vere ope for utanforståande, det må vere ei lukka gruppe jamfør defininsjnen i alkohollova. Gjestane kan ikkje vere inviterte gjennom annonsar, plakatar eller sosiale medium. I slike tilfelle må du i staden søkje om skjenkeløyve for einskildhøve.

Sjølv om du ikkje tek betalt for drikka, er det løyveplikt for skjenking av alkohol på følgjande stader:

  • Serveringsstader
  • Lokale som vanlegvis er tilgjengelege for alle
  • Forsamlingslokale og andre felleslokale
  • Stader der offentlege møte, festar, utstillingar eller anna finn stad
  • Gate, torg, veg, park eller andre offentlege plassar
  • Transportmiddel som vanlegvis er tilgjengelege for alle

Bruk skjema:

Skjenkeløyve for einskildhøve eller ambulerende løyve

Arrangement

Skal du arrangere festival, konsert eller anna klart avgrensa arrangement som er ope for publikum og servere alkoholhaldig drikke, må du søke kommunen om skjenkeløyve einskildshøve. Det er eit løyve på lik linje med eit fast skjenkeløyve, men vert berre gitt for 1-6 dagar.  

Dersom arrangementet blir halde i eit lokale som alt har skjenkeløyve, treng du ikkje å søkje.

Bruk skjema:

Skjenkeløyve for einskildhøve eller ambulerende løyve

Omsetningsoppgåve

Du som har skjenkeløyve, må kvart år sende inn ei omsetningsoppgåve for alkohol. 

Alkohollova pålegg alle som har sals- eller skjenkeløyve å betale eit årleg løyvegebyr til kommunen.  Storleiken på gebyret er avhengig av kor mykje alkohol som vert omsett.  Det skal leggast ved etterprøvbare opplysningar frå leverandør saman med omsetningsoppgåva.  

Frist for å levere omsetningsoppgåve for føregåande år er 1. mars. 

Send inn i skjemaet:

Omsetningsoppgåve 

Endre løyvet

Viss du ønsker å endre løyvet, eller om salsstaden skal ha ny styrar eller stedfortredar, må du søke kommunen om godkjenning. Søk i skjemaet:

Endring av sals- og skjenkeløyve

 

Sals- og skjenketider for alkohol

Sals- og skjenketider for alkohol går fram av Alkoholpolitisk handlingsplan.

 

Nyttige lenkjer

Kontakt

Elisabeth Sæbønes avdelingsleiar Service og dokumentasjon
91685027
@ Elisabeth Sæbønes