Bompengar på private vegar

Bompengar på private vegar

Bildet viser ein skogsveg, der det er eit kryss og det står ei ku. - Klikk for stort bilete Unsplash

Aktuelle veglag kan no søkje kommunen om løyve til innkrevjing av bompengar i samsvar med dei nye retningslinene.

Samfunnsutvalet vedtok 03.09.24 nye retningsliner for bompengar på private vegar. Retningslina er rettleiande for administrasjonen si handsaming av einskildsaker etter veglova § 56. Maksimalsatsane vart auka for alle takstgruppene og er no på inntil 70 kr for dei lengste vegane. 

Retningsline for bompengar på private vegar 2024

Retningsliner og satsar for bompengar på private vegar som grunnlag for handsaming av enkeltsøknader, med heimel i veglova § 56. 

Etter skriftleg søknad kan det gjevast løyve til å krevje bompengar for ferdsel med motorkøyretøy på private bilvegar innanfor følgjande rammer: 

1.

  1. Vegar under 4 km som har lita eller inga stigning. 
    kr 30,- for bil og traktor 
    kr 20,- for motorsykkel og moped 
  2. Vegar mellom 2 og 4 km som har ei stigning på minst 10 % i delar av vegen på til saman 500 m, og vegar mellom 4 og 8 km, som har lita eller inga stigning. 
    kr 50,- for bil og traktor 
    kr 30,- for motorsykkel og moped
  3. Vegar over 4 km som har ei stigning på minst 10 % i delar av vegen på til saman 500 m, og vegar over 8 km som har lita eller inga stigning. 
    kr 70,- for bil og traktor 
    kr 40,- for motorsykkel og moped
  4. Årskort kan utgjere maksimum 2000 % av ein enkeltbillett i kvar takstsone. a: kr 600,- b: kr 1000,- c: kr 1400,-

 

2. Der det vert gjeve løyve til å krevje bompengar, bør det også gjevast løyve til å krevje tilleggsavgift frå eigaren av køyretøy som ikkje betalar bompengar med inntil kr 400,-. 

3. I område der det på bakgrunn av vilt-, frilufts- eller miljøfaglege vurderingar ikkje er ønskjeleg med slik motorisert ferdsel, bør det ikkje gjevast løyve til å krevje bompengar. 

4. Desse retningslinene erstattar tilsvarande retningsliner vedteke i Samfunnsutvalet i 2015.

Kontakt

Magnar Selbervik miljøvernrådgjevar
48166679
@ Magnar Selbervik