Eingongstiltak/investeringstiltak på grunnlag av kvalifisert kostnadsoverslag
Det kan søkjast tilskot til tiltak innan:
- Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne
- Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av areal
- Nødvendig planlegging av tiltak / prosjekt
- Formidlingstiltak
- Kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdiar
- Tilrettelegging for ferdsel
- Gjennomføring av arrangement, kurs, fagdag eller liknande
- Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga
For å fordele tilskot til flest mogleg gode prosjekt, set ein eit øvre tak for kostnadsoverslag til kr 200.000 for kvart tiltak.
- Tilskotsandelen for enkelttiltak skal normalt ikkje overstige 70 % av kostnaden med tiltaket. For fellestiltak eller tiltak med stor samfunnsnytte, kan ein gi inntil 100 % tilskot.
- For tiltak på bygningar og anlegg som blir brukt til private formål (næring, bustad eller fritidsbustad) kan ein gi inntil 50 % tilskot ved høg verneverdi. Der bygningen har mindre verneverdi eller der fordelen for søkjar er stor (verdiauke, heving av bu-standard m.v.) kan tilskotsandelen bli redusert. Ved tilskot til bygningar skal det føreligge ein tilstandsvurdering av bygninga.
- For planleggingstiltak og tiltak som gjeld ivaretaking av fellesgode og samfunnsverdiar, kan ein gi inntil 100 % tilskot. Eksempel på slike tiltak er skjøtsel av kulturminner og biologisk mangfald, eller tilrettelegging for publikum i form av skilting eller opparbeiding av sti.
Tilskot til bygningar og andre kulturminne føresetnad om at istandsettinga skjer etter antikvariske prinsipp, dvs reparasjon av bygning framfor utskifting. Dersom enkeltdeler må bytast, bør det brukast same type material og utføring som det opprinnelege.
Tiltak til tilbakeføring / rydding av areal:
- Areal som vert rydda til nye beiteområde for husdyr.
- Areal som tidlegare har vore kulturmark, men som no er attgrodd. Gamal kulturmark er areal som er prega av jordbruksdrift, kor vegetasjonen er prega av naturleg førekommande artar, men med ei samansetning som skil seg frå det ein finn i naturen elles. Dei gamle kulturmarkene er forma av tradisjonelle driftsmetoder over lang tid, og er avhengig av faktorar som beitebruk, slått, rydding, brenning eller styving for å bestå.
- Areal som er viktige for allmenn ferdsel, rekreasjon og reiseliv.
Ved rydding/ skjøtsel / gjerding av gammal kulturmark og reetablering av areal vert det sett eit tak på kostnad per dekar på maks kr 3.300.
Kommunen kan gje tilskot til drift og skjøtsel av areal (dyrka mark, overflatedyrka mark og innmarksbeite) i samsvar med dei målsetjingane som er fastsett i ” Forvaltningsplan utvald kulturlandskap i jordbruket – Hjørundfjorden og Norangsdalen ” av 2022. Skjøtselen må vere slik at arealtilstanden vert oppretthalden over tid.
I følgje tildelingsbrev skal leggast særleg vekt på:
- områda sine forvaltningsplanar.
- gjennomføringsevne, framdrift og oppnådde resultat i områda.
- områda si størrelse i areal, omfang av tiltak og tal på eigarar/drivarar.
- variasjonar i behova frå år til år, samen med omsyn til føreseielegheit og kontinuitet.
- realistiske budsjettforslag/kostnadsoverslag.
- at kvart område over tid på en balansert måte dekkjer opp behov knytt til alle deltema omfatta av føremålet med ordninga: sikre miljøverdiar, kulturmiljøverdiar og fortsett jordbruksdrift, inkludert næringsutvikling basert på desse.