Tilskot og velferdsordningar landbruk

Tilskot og velferdsordningar landbruk

Tilskot

SMIL-tilskot

Du kan søkje kommunen om tilskot til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).

Søknadsfrist er 1. februar, med tildeling så snart vi har vedtaka klare. Dersom det er pengar igjen på ramma, vil desse verte fordelte utover året etter kvart som søknader kjem inn, men vi ynskjer hovudtyngda av søknader innan fristen. 

Slik søkjer du

Hovudsøknadsfristen er 1. februar kvart år, men det er høve til å søkje heile året. 

Eigar eller drivar kan søkje. Det er utarbeidd lokale retningslinjer med satsar for arbeid.

Søknadskjema i Altinn

Føremålet

Føremålet med ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet til jordbruket, i tillegg til å redusere forureininga frå jordbruket ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.

Føremålet med SMIL-tilskotet er mellom anna å:

  • Motverke attgroing og tap av biologisk mangfald
  • Fremje beitebruk
  • Redusere risiko for erosjon og avrenning til sårbare vassdrag (t.d. eparere hydrotekniske anlegg, forsterke elveforbygging)
  • Hindre ureining frå jordbruket frå areal, fôr- og gjødsellager
  • Hindre forfall og sette i stand eldre, verneverdige bygningar
  • Ta vare på viktige kulturminne og kulturmiljø, og andre element i kulturlandskapet.
  • Tilrettelegging for ferdsel og opplevingar i kulturlandskapet.
  • Fjerne piggtråd frå inn- og utmark.  15 kr per meter.
Fjerning av piggtråd

Ordninga med å søke tilskot til fjerning av piggtråd gjennom SMIL-ordninga vert vidareført. Det kan verte løyvd tilskot til fjerning av ståande og liggande piggtråd. Tilskotet i 2025 vert kr 15 per meter, uansett terreng og tilgjengelegheit, og søknad skal innleverast på vanleg SMIL- søknadsskjema.

Vilkår:

  • Piggtråden skal leverast på godkjend mottak. Kvitteringa med vekt skal leggast ved når ein ber om utbetaling av tilskotet. Ved levering er det viktig at ikkje gras og anna avfall er vikla saman med piggtråden. 
  • I søknaden må det leggast ved kart som visar kvar piggtråden skal fjernast. Dette er viktig då det kan vere vanskeleg å på førehand anslå lengda/vekta på piggtråden som skal fjernast. Landbrukskontoret kan hjelpe med dette.
  • Det er også krav til fotodokumentasjon før, under og etter at tiltaket vert gjennomført.
  • Ein kan søke om kun fjerning av piggtråd, men også som ein del av eit større tiltak t.d. istandsetting av gamalt kulturbeite. Fjerning av piggtråden skal då førast opp som eit eige punkt i kostnadsoverslaget.
  • Det kan også gjennomførast som eit fellesprosjekt, då skal det leggast ved skrifteleg avtale mellom deltakarane. 

Hugs at søknad må sendast og vere godkjent før du set i gong med tiltaket!

Døme på tiltak

  • Beiterydding. Det vert rydda, gjerda og beita med husdyr i etterkant.
  • Opprusting av eldre bygningar, også seterhus.
  • Rydding av kanalar
  • Tilrettelegging for ferdsel i inn og utmark.

Tilskotet er 40–70 % av kostnad. Arbeidsfristen er 3 år og kan forlengast med 2 år.

Kontaktpersonar på landbrukskontoret:

PT - Produksjonstilskot

Produksjonstilskot er den største tilskotsordninga i landbruket. Eitt av vilkåra for å søkja om tilskot er at føretaket må vera registrert i Brønnøysundregistra med eige organisasjonsnummer. 

Søknad om tilskot må vera levert innan 15. mars og 15. oktober. Opplysningar i søknad kan endrast inntil 14 dager etter søknadsfristen. 

Det er kommunen som behandlar søknadane, men søknadane skal sendast elektronisk via www.altinn.no:

Send søknad 

Nyttige lenkjer

Tiltak i beiteområde

Dette tilskotet gjeld tiltak som bidreg til å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområde. Det er fyrst og fremst beitelaga som kan søke på dette tilskotet.

Enkeltføretak kan søke når det grunna naturgitte eller driftsmessige forhold ikkje ligg til rette for samarbeid. 

Døme på tiltak kan vere: Sperregjerder, ferister, elektronisk overvakingsutstyr (t.d. radiobjøller, drone), saltsteinautomatar, sanke- og skilleanlegg.

Det er utarbeidd retningslinjer for ordninga som gjeld for 2024–2028. 

Søknadsskjema og informasjon

Søknadsfrist er 1. april.

NB: Tilskot til drift av beitelag (OBB) har frist 15. november og der nyttast eige søknadsskjema.

RMP – Regionale miljøtilskot i jordbruket
Organisert beitebruk

Søknad om tilskot til drift av beitelag: Tilskot til drift av beitelag er ein del av regionalt miljøtilskot i landbruket (RMP). Tilskotet kan gjevast til drift av godkjent beitelag som arbeider for felles beitebruk i utmark og redusert tap gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak. 

Føremålet med ordninga er å stimulere til samarbeidstiltak for å få til ein effektiv beitebruk som bidreg til å halde kulturlandskapet ope. 

Vi oppmodar alle om å søkje elektronisk via Altinn. Det vert trekt kr 1 000 kr pr dag om du leverer søknad etter søknadsfristen. 

Søknadsfristen er 15.november. 

Søknadskjema og informasjon

Tilskot til drenering

Det kan søkjast om tilskot til drenering av tidlegare grøfta eller planert jordbruksareal. Målet med tilskotsordninga er å auke produksjonsevna til jorda og redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.  

Kven kan søke? 

Tilskotet skal gis til den som vil ha kostnadane med tiltaket. Dette kan vere eigar av jordbruksarealet eller jordbruksforetak som leiger jordbruksarealet.  

Korleis søke? 

Søknadskjema

I skjemaet må du(obligatorisk) laste opp kart med grøfteskisse. Kartet skal vise omriss av arealet som skal drenerast, plassering av hovudavløp, kummar og samle- og sugegrøfter. Søkjaren skal også merkje av område med erosjonsproblem eller tydeleg overflateavrenning, verdifulle landskapselement, naturmangfald og arkeologiske kulturminne i kartet.   

I tillegg kan det vere aktuelt at du mellom anna lastar opp følgjande vedlegg (ikkje obligatoriske) 

  • avtale med eigaren om å gjennomføre tiltaket 
  • dokumentasjon av tidlegare drenering eller planering 
  • detaljert kostnadsoverslag 

Søknadsfrist 

Søknadsfrist heile året. Søknadane blir handsama etter kvart som dei kjem inn.  

Satsar 

Tilskot til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving, utgjer 4 000 kroner per dekar. Ved anna grøfting kan ein få 61 kroner per løpemeter grøft,  maksimalt 4 000 kroner per dekar.  

Straumstøtte for jordbruksføretak

Du kan søkje om straumstøtte som jordbruksføretak. Informasjon om straumstøtte finn de på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Gå inn og registrer målaren din på heimesida til Landbruksdirektoratet, der finn du og utfyllande informasjon!

Mange jordbruksføretak har felles målar for hushaldninga og gardsdrifta, og er registrert som næringskunde hjå nettselskapa. Dersom ein er registrert som næringsverksemd i nettselskapa sitt kundesystem, får slike hushaldningar i utgangspunktet ikkje straumstøtte etter straumstøtteordninga for hushaldningar.

Søknadsfrist er 12. februar 2025 for å kunne få støtte for inneverande år.

Vi gjer merksam på at det ikkje er landbrukskontoret som behandlar søknadar om straumstøtte. Dersom de har spørsmål, bør desse rettast direkte til Landbruksdirektoratet.

Produksjonssvikt

Gjeld tilskot ved vesentleg svikt i planteproduksjon på grunn av klimatiske forhold. 

Skjema og informasjon

Tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap (UKL)

Velferdsordningar

Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket der formålet er å sikre næringa moglegheiter for ferie og fritid og hjelp ved sjukdom. Ordninga - avløysing ved sjukdom - bidreg til å finansiere leige av hjelp når den som har næringsinntekt frå føretaket er sjuk, ved svangerskap, dødsfall, m.v. 

Støtte kan gis til avløysing ved mellom anna: Avvikling av ferie og fritid, sjukdom, svangerskap/fødsel/adopsjon, følgje av sjuke born til behandling og dødsfall i nær familie. 

Tilskotet kan gis for å dekke faktiske utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysar. Avløysaren må vere minst 15 år og kan ikkje ha næringsinntekt frå føretaket eller vere ektemake/sambuar til ein som har næringsinntekt frå føretaket.  

Avløysing ferie og fritid

Søknad og informasjon 

Det er antal dyr som dannar grunnlaget for kor mykje føretaket får i avløysartilskot til ferie og fritid. Ein søkjer på førehand i søknad om produksjonstilskot, og får ein opp berekning for tilskot. Brukt tilskot skal etterregistrerast innan 10. januar året etter.  

Avløysing sjukdom, fødsel og sjukt barn

Tilskot til avløysing ved sjukdom og liknande skal bidra til å dekkja utgifter til avløysing når bonden ikkje kan delta i gardsdrifta på grunn av sjukdom eller graviditet, fødselspermisjon eller sjukt barn.   

Korleis søkje? 

Søknadskjema

Når du fyller ut søknaden, vil du få melding om kva for dokumentasjon du må leggja ved. I søknaden kan du få ei førebels berekning av tilskotet. 

For meir informajon om den nye søknadsordninga sjå www.landbruksdirektoratet.no 

Tidlegpensjon

Kontakt

Emma Marie Høie Kjøde konsulent
90704501
@ Emma Marie Høie Kjøde
Oddhild Kalvatn konsulent
90723453
@ Oddhild Kalvatn
Børild Skåra rådgjevar
90699240
@ Børild Skåra