Skogbruk

Skogbruk

Bilde av ein skog, med mange felte tre, og ei maskin. - Klikk for stort bileteHogging av skog. Peder Magnussen

Ørsta kommune er sjølve skogreisingskommunen i Noreg, og det var frå Ørsta skogpioneren Hans Barstad kom. Han starta den første skogplanteskulen i landet. Ørsta kommune vedtok den første skogreisingsplanen i Noreg i 1950, utarbeidd av ein annan skogpioner; Hans Berg. ”Ørstaplanen” vart màl for all moderne skogreisning på Vestlandet og i Nord-Norge.

Produktivt skogareal i Ørsta og Volda er høvesvis 102 000 og 156 000 dekar. I Volda utgjer grana 25 % av det produktive skogarealet (lauv 46 % og furu 29 %). 

Skogareala er ikkje så store i kommunane, men mykje av skogsmarka har høg bonitet og difor er tilveksten stor i høve til arealet. Kommunane er på veg inn i den store haustingsperioden for kulturskogen, og det er viktig at ein nyttar ressursane og at dette gjev ringverknader lokalt.
Mykje av skogsmarka er vanskeleg å drive, så skogbruket har store utfordringar.

Kontakt

Peder Magnussen skogbruksansvarleg
45282680
@ Peder Magnussen