Vilkår for å ha rett til autorisasjonsbevis for bruk av plantevernmidlar:
- gjennomføre obligatorisk kurs og bestå eksamen.
- Vere over 18 år
- Dokumentere yrkesmessig behov for kjøp og bruk av plantevernmidlar.
Ynskjer du å ta kurs, ta kontakt med Norsk Landbruksrådgiving i din region, eller sjå på heimesida til NLR for kommande kurs.
For å få autorisasjonsbeviset etter gjennomført kurs og bestått eksamen må du kontakte landbrukskontoret. Vi vurderer din rett til autorisasjonsbevis for bruk av plantevernmidlar, og bestiller bevis om alle villkår er oppfylt.
Normalt tek det 2-3 veke frå bestilling til utsending av bevis. Dersom ein treng dokumentasjon på bevis i tida før, kan vi skrive ut eit midlertidig bevis.
For meir informasjon om autorisasjonsbevis sjå mattilsynet sine nettsider.
Fornying av bevis
Autorisasjonen er gyldig i 10 år frå datoen for bestått prøve. Ved fornying av bevis kan ein velje mellom fysisk(NLR) og nettbasert kurs og eksamen(Mattilsynet).
For meir informasjon om fornying av bevis, sjå mattilsynet sine nettsider.
Tilleggsautorisasjon for bruk av gnagarmidlar
Vilkår for å ha rett til tilleggsbevis for gnagarmidlar:
- Har gyldig autorisasjon for plantevernmidlar
- Eig/leiger landbrukseigedomen der gnagarmidlane skal brukast
- Har gjennomført tilleggskurs og bestått eksamen
For meir informasjon, sjå mattilsynet sine nettsider.