Landbruksplast er næringsavfall, og gardbrukar er pålagd å levere denne inn til eit godkjent avfallsmottak. Forsøpling med landbruksplast er ikkje tillete jamfør § 28 i Forureiningslova. Rett sortert plast frå landbruket kan leverast gratis ved mottaka opplista i fana under.
Plasten må vere fri for :
- jord
- stein
- nett
- bindegarn
- og andre framandelement.
Garn/nett leverast for seg og skal ikkje ligge inni plasten.
For at ein skal kunne fortsette med innsamlingstilbodet, er det viktig at plasten vert sortert rett ved levering. Farga og kvit plast må då sorterast kvar for seg. Det er ynskjeleg at det vert brukt kvit plast. Hylser til rundballeplast leverast som restavfall.