Gjerdehald

Gjerdehald

Lovreglane for gjerdehald har lang historie i Noreg, med gamle avgjerder og tradisjonar for å beskytte både allmenne interesser og landbruket. 

Forsvarleg gjerdehald 

Vi minner om at alle har plikt til å halde gjerda sine i slik stand at dei ikkje er til fare for folk, husdyr og vilt. Det gjeld hyttefolk så vel som fastbuande og gardbrukarar. 

Eit godt gjerde skal være minst èin meter høgt, så tett at småfe ikkje kan smette gjennom, og uten piggtråd, trådvasar eller anna som dyr kan sette seg fast i. Grinder skal slå utover. 

Ørsta kommune oppfordrar alle grunneigarar om å gjere ein innsats slik at vi kan verte kvitt gamal piggtråd, (det vert gjeve SMIL-tilskot til dette), nedgrodde trådgjerder og anna rask i utmarka. Gjerder som ikkje lenger har nokon funksjon skal ryddast vekk, og gjenverande gjerder skal haldast i skikkeleg stand. Mot utmark bør berre gjerde av stålnetting (nasjonalgjerde) nyttast. Straumgjerde utan tilkobla straum (rutegjerde og trådgjerde) og utan tilsyn over tid "utset dyr for fare for unødig påkjenning og belastning" og er derfor ulovlig å bruke til dette føremålet. Det er òg reglar for oppsetting av elektriskgjerde rundt fritidseigedomar.  

Kommunen si rolle 

Kommunene har ikkje ansvar for gjerdehald, hverken grannegjerde eller utmarksgjerde. Slike saker er privatrettslig. 

Det kommunen kan gjere er å informere og oppfordre. Grunneigarar og jordleigarar oppfordrast til å ha jamnt tilsyn og vedlikehald av oppsette gjerder. 

For å unngå tvil og misforståingar, anbefalar vi også at forhold rundt gjerdehaldet vert teke med inn i eventuelle jordleigeavtalar spesielt.