Flytt til eller besøke Ørsta?

Flytt til eller besøke Ørsta?

Oppdag Ørsta

Ørsta, hjartet av Sunnmøre, er den ideelle staden for deg som ønskjer å busetje deg eller ta ein minneverdig ferie. Her finn du ein kombinasjon av storslått natur, trygge omgjevnader og eit rikt kulturliv som gjer kvardagen både spennande og innhaldsrik.

Natur og friluftsliv 

Ørsta er omgitt av majestetiske fjell og vakre fjordar, noko som gjer det til eit paradis for friluftsentusiastar. Her kan du nyte turar i fjellet, klartre, fiske i fjordane eller i vatna. Eller berre slappe av i den vakre naturen. Om vinteren er det flotte moglegheiter for skikøyring i skitrekk eller på topptur, og andre vinteraktivitetar.

Vi har flotte fjell og tindar som Saudehornet, Skårasalen, Slogen, Jørnshornet og mange, mange fleire.

Trygge og gode oppvekstvilkår 

Ørsta legg stor vekt på å skape trygge og gode oppvekstvilkår for born og unge. Kommunen har gode skular og barnehagar både i sentrum og på bygdene, i tillegg til eit breitt spekter av fritidstilbod. Her kan borna vekse opp i trygge omgjevnader med gode moglegheiter for læring og utvikling.

Besøk Tussaparken for leik og moro og aktivitetsparken ved Ørstahallen for litt fysisk aktivitet ute. 

Helse og velferd 

Kommune tilbyr helse- og omsorgstenester, og har fokus på god folkehelse og trivsel. I tilegg har Ørsta mange tilbod for fysisk aktivitet og velvære. 

Kultur og samfunn 

Ørsta har eit rikt kulturliv med mange aktivitetar og arrangement gjennom året. Her kan familiar delta på alt frå konsertar og teaterframsyningar til lokale marknader og festivalar. Kommunen har også eit aktivt idrettsmiljø med tilbod for både store og små. Vi har kulturhus, kino og mange private aktørar som arrangerar konsertar og aktivitetar gjennom heile året. 

Sjå nettsida orstavolda.no for kalender.

Næringsliv og arbeidsmoglegheiter 

Ørsta har eit variert næringsliv med mange spennande arbeidsmoglegheiter. Her finn du alt frå tradisjonelle handverksbedrifter til moderne teknologi- og servicebedrifter. Kommunen legg til rette for nyetableringar og har gode støtteordningar for gründerar.

Velkomen til Ørsta!