Fairtrade

Fairtrade

Ørsta er ei fairtrade-kommune!

Ørsta kommune handlar rettferdig. Det kan du også gjere. Å kjøpe Fairtrade-merkte produkt er ein enkel ting vi kan gjere i kvardagen for å delta i kampen mot fattigdom. Sjå etter Fairtrade-merket neste gong du du er i butikken for å handle kaffi, te, sjokolade, sukker mm. Kvart einaste kjøp har stor betydning! Saman gjer vi ein forskjell! 

Kva er Fairtrade?

Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som styrkjer bønder og arbeidarar i fattige land gjennom handel. 

På kva måte gjer vi ein forskjell? Vi veit at mange av dei som produserer varene vi kjøper lever under uanstendige arbeidsforhold og moderne former for slaveri. I tillegg medfører dei skadar på klima og miljø.

Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som gjennom handel styrkjer bønder og arbeidarar i fattige land. Det er og med på å betre kvinnerettar. Dei som produserer Fairtrade-produkt er sikra betre pris, anstendige arbeidsvilkår, ein bonus som går attende til utvikling av lokalsamfunnet, og eit berekraftig jordbruk.

Fairtrade er kåra til beste merkeordning av Etisk handel. Mange kjenner til den, og den har høg tillit blant folk. Uavhengige kontrollørar reiser rundt og sjekkar at produsentane lever opp til standardane som krevst for å bruke Fairtrade-merket.

Den 7. kommunen i Norge

Ørsta vart fyrste gong godkjent som Fairtrade-kommune i september 2008, som den 7. kommunen i Norge. Det er vi stolte over. Denne statusen har vi behalde sidan. 

Dei to produkta Ørsta kommune har forplikta seg til å kjøpe som Fairtrade var i 2023 kaffi og te. Ein sette seg som mål at 45 % av kaffien skulle vere Fairtrade, og 4 % av teen skulle vere Fairtade.Styringsgruppa jobbar no med å kartlegge om vi klarte desse måla. For 2024 vert det nye mål, og kanskje nye produkt. Dette blir oppdatert når det er bestemt. 

Fleire butikkar i Ørsta har varer som er Fairtrademerka, både innan matavarehandel og tekstilhandel. Ved auka etterspurnad og sal vil utvalet av slike produkt auke. 

Ørsta og Volda Fairtrade deltek på ymse arrangement i både Ørsta og Volda for å formidle informasjon om Fairtrade og Fairtrademerka produkt.